Storåne (Vang i Valdres)

 
 

Fiske i Storåne

Fiskekortet gjelder for Storåne, fra Øylo til Ryfossen.

Elva er variert og inneheld parti med stryk, ei rekke fine kulpar og part med stilleflytande elv. Det ligg godt til rette både for fiske med fluge, makk og spinnar/sluk. Slik sett er det nok av moglegheiter både for den erfarne fiskar og for barnefamilier. Vasstanden varierer gjennom sommaren, og spesielt på låg vasstand er det ei barnevennleg elv med gode sjansar for å få fisk på makk eller spinnar. Under sleke forhold kan det vera utfordrande å lure dei store fiskane, men utover kvelden er det absolutt mogleg i dei større kulpane. I området rundt Gardalen er det lengre parti med stilleflytande elv og fint å prøve tørrfluga. Fiskebestanden i Storåne er god og det er fisk i alle storleiker. Det er sjølvsagt mest småfisk, men det er og sjansar for stor fisk (2-4kg), og kondisjonen er jamt over bra.